En digital "natursti"
Utforsk sjukehuset
Her kan du som er barn eller ungdom på sjukehuset få utforske sjukehuset sine areal gjennom finurlege oppgåver, morrosame aktivitetar og spennande rebussar.
- Leit etter QR-kodar på veggane i fellesareala Glasblokkene 1 - 4, etasje U1 og etasje 1.
- Scan QR-koden med ein mobiltelefon slik at du kjem inn på posten si eiga nettside.
- Utfør aktiviteten, oppgåva eller rebusposten.
- Finn ein ny QR-kode – enten gjennom å følgje kartet du finn på nettsida, eller leite etter nye QR-kodar på eiga hand.
- Finn du alle rebus-postane og dermed løysingsordet på rebusen? Premie kan hentes i resepsjonen i Glasblokkene 5 - 8
Dei aller fleste postane er tilpassa rullestolbrukarar. Om du ser ein (R) i oppgåvenamnet, veit du at posten er tilpassa rullestol.
I «Prøv ut!» må du løyse oppgåvene gjennom å bruke kroppen din. «Prøv ut!» er tilpassa ulike vanskelighetsgrader. Du finn oppgåvene som er tilpassa rullestolbrukarar ved å sjå etter rullestolsymbolet.
I «Finn du løysinga?» må du finne svar på oppgåver gjennom undring, kreativitet og leiting. «Finn du løysinga?» er tilpassa ulike vanskelighetsgrader. Du finn oppgåvene som er tilpassa rullestolbrukarar ved å sjå etter rullestolsymbolet.
I kvar av oppgåvene i «Skattejakt»-løypa du løyser, vil du få ein bokstav. Når du har løyst alle oppgåvene, vil du få eit ord.
Premie kan hentes i resepsjonen i blokk 5 -8.
Velg kva for ei fargeløype du skal ta
Vil du og kompisen din fylgje ulike fargeløyper? Det går fint! Alle postane har ei oppgåve, ein aktivitet eller ein rebus knytta til kvar av fargane. Dermed kan både små og store gå på jakt etter QR-kodar saman.