En digital "natursti"

Utforsk sjukehuset

Her kan du som er barn eller ungdom på sjukehuset få utforske sjukehuset sine areal gjennom finurlege oppgåver, morrosame aktivitetar og spennande rebussar.

Velg kva for ei fargeløype du skal ta

Vil du og kompisen din fylgje ulike fargeløyper? Det går fint! Alle postane har ei oppgåve, ein aktivitet eller ein rebus knytta til kvar av fargane. Dermed kan både små og store gå på jakt etter QR-kodar saman.

Nivå 1

GRØNN LØYPE

Ved å fylgje den grønne løypa finn du dei enklaste aktivitetane, oppgåvene og spørsmåla. Det kan likevel vere lurt å ha med seg ein vaksen.

Nivå 2

BLÅ LØYPE

Ved å fylgje den blå løypa finn du dei litt meir utfordrande aktivitetane, oppgåvene og spørsmåla. Det kan likevel vere lurt å ha med seg ein vaksen.

Nivå 3

RØD LØYPE

Ved å fylgje den røde løypa finn du dei vanskeligaste aktivitetane, oppgåvene og spørsmåla. Det kan likevel vere lurt å ha med seg ein ven/vaksen.

Skroll til toppen