Å vere på sjukehus kan være spennande, skummelt, kjedelig, men av og til også gøy! Gjennom Energistien kan du som er barn eller ungdom på sjukehuset få utforske sjukehuset sine areal gjennom finurlege oppgåver, morrosame aktivitetar og spennande rebussar.

Kva er Energistien?

Energistien er ein aktivitetsti gjennom sjukehusareala på Haukeland. Gjennom å fylgje kartet og scanne QR-kodane du finn hengande på veggane rundt om kring med mobiltelefonen din, vil du bli geleida til finurlege oppgåver, morrosame aktivitetar og spennande rebussar. Aktivitetane, oppgåvene og rebussane du møter på i Energistien er tilpassa barn og ungdom i alderen 2-18 år – men, nokre av aktivitetane er nok like spennande for foreldre og andre vaksne.

Stien er tilgjengeleg i tidsrommet 08.00-22.00 kvar dag, året rundt

Kven er bak energistien?

Energistien er utvikla som eit samarbeid mellom Barne- og Ungdomsklinikken, Psykisk Helse Barn og Unge, Sykehusskolen, Seksjon for E-helse og Energisenteret for barn og unge. Energistien er finansiert gjennom gåvemidler fra ProAktiv Eiendom og Pepperkakebyen. Stien sitt innhald er kvalitetssikra av Ungdomsrådet på Haukeland universitetssjukehus.

Krediteringer

Ikonene som er tatt i bruk er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International license.

Ikonene som er benyttet på denne nettsiden er hentet fra Font Awesome Free, er gratis, åpen kildekode og GPL-vennlig. Du kan lese mer om bruk av ikonene.

Alle bilder er tatt av Katrine Sunde i kommunikasjonsavdelinga i Helse Bergen.

Juridisk og forskrifter

Skroll til toppen