Hvem vi er
Vår nettstedsadresse er: https://ebu.energistien.no/
Denne personvernerklæringa fortel korleis personopplysningar blir samla inn og brukt på ebu.energistien.no
Ansvar
Dataansvarlig: Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
E-post
Du har anledning til å kontakte oss via e-post dersom du har generelle spørsmål til noko av det du les om på våre nettsider. Dersom du sender ein e-post til oss vil e-postadressa di og personopplysningane du inkluderer i e-posten bli lagra. Lagringsperioden er avhengig av om innhaldet er arkivverdig eller ikkje. Om det er arkivverdig vil det bli lagra i henhold til bevaring- og kassasjonsreglementet til Departementet og arkivforskrifta. E-post som ikkje er arkivverdig blir sletta etter 3 månader.
Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med e-post. Det er derfor viktig at du ikkje inkluderer slike opplysningar, for eksempel opplysningar om helsa di, personnummer osv. i e-post til oss.
Gi tilbakemelding på nettsidene
Du kan gi tilbakemelding på nettsidene via vår kontaktside. Du vil ikke får svar på tilbakemeldinga, men ho blir lagra. Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsidene.
Lenker til andre nettstader
Vi lenker til andre organisasjonar og nettstader. Personvernerklæringa på denne nettstaden omfattar ikkje andre nettstader. Når du besøker andre nettstader, bør du derfor lese personvernerklæringa på desse nettstadane.
Vi bruker videoavspelingstenesta Youtube frå Google. Google samlar inn data når du speler av ein video. Slike data blir ikkje samla inn viss ikkje du speler av videoen. Google bruker også informasjonskapslar når du speler av ein video. Når du speler av ein Youtube-video må du godta personvernerklæringa frå Google (https://policies.google.com/privacy?hl=no)
Helse Bergen
Les mer om personvernerklæring - Helse Bergen